Som vi alle er kjent med tek det tid å lage gode oversettingar. Det vert ikkje automatisk gode oversettingar av automatisk oversetting, men det kan hjelpe på produktiviteten. Ved å veldig raskt kunne lage dårlige oversettingar, kan ein bruke tida på å gjere desse til gode.
Vil derfor tipse om googtext som tek imot .po filer og gir ei automatisk oversatt .po fil tilbake. Husk å betrakte alt som veldig dårlige oversettingar, ettersom google translate som gjennomfører oversettinga gjerne gir heilt feil tekst tilbake. Gå gjennom alle for å sjekke at oversettinga vert iallfall brukbar.
Ikkje importer fila som forslag heller, har gått gjennom ein del oversettingar no, og det er ikkje spesielt bra, men likefullt veldig effektivt. Fiks den først, importer etterpå.
For nynorsk så husk at google translate oversetter til bokmål, så det vert litt ekstra jobb der. Likefullt trur eg at fleire vil oppleve det å ha ei dårlig oversetting å jobbe frå som bedre enn tom oversetting.
Googtext er her:
http://senko.net/services/googtext/
Les også:
http://senko.net/services/googtext/about.html
